Her finn du litt om Kvinnherad Bil & Teknikk AS

Sidan 1997 har vi drive med salg av nye og brukte bilar i Sunnhordlandsregionen. Vi veit at vår lange erfaring og allsidige kompetanse gjev tryggleik i val av oss som leverandør av bil. Vi har over tid opparbeida eit spennande utvalg av nye bilar, og fører no både personbilar og varebilar i alle klassar.

Som sagt så starta det heile då vår daglege leiar, Leif Jarle Stensletten, etablerte nybilsalg av Suzuki i 1997 på Sunde i Kvinnherad kommune. Den gongen var det Suzuki Baleno som var den nye folkebilen i Norge, og som solgte i store volum med firehjulstrekk til svært attraktiv pris. Firma dreiv de første åra kun med nybilsalg, mens ettermarkedet vart tatt hand om av ein samarbeidande verkstad.

I 2001 vart nybilsalg og verkstaddrift etablert i det som i dag heiter Kvinnherad Bil & Teknikk AS. Namnet kjem av at firma skulle levere tenester innanfor fleire område. Sjølvsagt innan salg og vedlikehald av bilar, men og innanfor ingeniørtenester som er kompetanse og utdanning til to av eigarane i firma. No har tida vist at det kun er vårt kjerneområde som spesialistar innan bil som verkeleg har fått fokus, men namnet vårt består fortsatt. Det vart kjøpt lokale og etablert ein moderne verkstad i det gamle Telehuset i Teigen på Husnes. Det vart også utvida areal med plass til nybilutstilling, noko som dei seinare åra er ombygd igjen til utvida areal for verkstaddrift.

Introduksjon av nye bilmerke har stilt krav til større lokaler, og i 2010 fram til 2019 har derfor vår salgsavdeling for nye og brukte bilar vore i lokaler ved Hellandsbrua på Husnes. I 2020 samlokaliserte vi drifta vår i Teigen igjen etter vi etablerte nytt salgslokale for bilar der. Vi har jobba for å tilpasse vårt utvalg av nye bilar for å kunne tilby det mest komplette utvalg av modellar i regionen, og har i dag salg av Suzuki personbilar, Renault person- og varebilar, Isuzu person- og varebilar og Dacia personbilar. Dette meiner vi gjev deg som kunde eit stort utvalg av svært spennande bilar å velge frå, uavhengig om du ser etter personbil eller varebil i ulike størrelsar. No finn du og elektriske personbilar og varebilar i vårt utval.

Vårt firma har sidan 1997 utvikla eit omfattande tenestetilbud, og er i dag å rekne som ein totalleverandør innan bilar og vedlikehald. Vi oppdaterar og tilpassar oss stadig til nye krav og etterspurnad i marknaden, og er i dag stolt over å kunne tilby følgande til våre kundar innan både privatkundar og kundar innan offentlig sektor

  • Salg av nye bilar frå Suzuki, Renault, Isuzu og Dacia
  • Salg av nyare brukte bilar med tilstandsrapport
  • Tilbud av finansieringstenester, inkludert privatleasing
  • Komplett servicetilbud for bensin, diesel og elektriske bilar
  • Sjekkpunkt bilverkstad for vedlikehald og reparasjonar av alle bilmerke
  • Utleige av nyare bilar på kort- eller langtidsleige

Her finn du oss